Nytt videokamera

Nytt videokamera

No har eg venta lenge på mitt nye videokamera,  Sony PXW-FS7. Eg bestilte kameraet samme dag som det blei lansert, under NAB i april 2014. Siste oppdatering frå Video 4 er levering rundt 10. februar 2015.

Dette er eit fantastisk bra kamera og etterspørselen er mykje større enn kva Sony hadde rekna med. Filmar i 4K i svært god kvalitet. Kameraet er laga for å gi gode bilde også i svakt lys. Kan også filma i slow motion opp til 180 bilder i sekundet. Gler meg!