Om meg



Allsidig?

Ja, det er nok meg. Eg har arbeidd med mykje forskjellig innan kommunikasjonsfaget. Likar nye utfordringar og har gjennom åra bygd opp kompetanse innan fleire område i faget. Har arbeidd med alt frå strategiprosessar, konsulentarbeid, kommunikasjonsrådgjeving, tekst, grafisk arbeid, fotografering, videofilming, videoredigering, lydopptak og meir til.

Sidan 1982 har eg arbeidd for og med kundar innan næringslivet og det offentlege i Sunnhordland og Haugesund-regionen. Eidesvik Offshore, Caiano, Haugaland Kraft, Steinsvik Group, Hatteland, Wärtslilä Norway er nokre av bedriftene. Eg arbeidde og som frilans filmfotograf for NRK i fleire år.

Bilde er nok det som engasjerer meg mest.  Derfor har eg reservert fast tid kvar veke til foto- og filmoppdrag. Det gir ei fin avveksling frå jobben med merkeleiing i Steinsvik Group. Er forresten så heldig at eg arbeider ein del med fotografering og filming også i den jobben.