OM MEG

Magne Langåker SK-_1040551

Allsidig?

Ja, det er nok meg. Eg har arbeidd med mykje forskjellig innan kommunikasjonsfaget. Likar nye utfordringar og har gjennom åra bygd opp kompetanse innan fleire område i faget. Har arbeidd med alt frå strategiprosessar, konsulentarbeid, kommunikasjonsrådgjeving, merkebygging, tekst, grafisk arbeid, fotografering, videofilming, videoredigering, lydopptak og meir til.

Sidan 1982 har eg arbeidd for og med kundar innan næringslivet og det offentlege i Sunnhordland og Haugesund-regionen, men også med nasjonale kundar. Eidesvik Offshore, Caiano, Haugaland Kraft, SKL,  Steinsvik Group, Hatteland, Wärtslilä Norway er nokre av bedriftene. Eg har i mange år hatt oppdrag som frilans filmfotograf for NRK og TV2. Først som ein av gründerane av reklamebyråa Kreativ og Sydvest (seinare Oktan).

I perioden 2007 til og med 2014 jobba eg som Brand Manager i Steinsvik Group. Her var oppgåvene merkebygging, strategiprosessar, identitetsutvikling og kommuniasjonsløysingar. Etter eit år som frilans overtok eg i lag med Jostein Sydnes, Lars Melkevik (Axenta) og Media Bergen drifta i Oktan Stord og reetablerte reklamebyrået Sydvest i januar 2016.