Rådgjeving
MERKEVARELEIINGEi ny, svensk undersøking viser at merkevareorienterte verksemder har klart høgare lønsemd enn verksemder som ikkje har fokus på dette området. Gjennom å integrere strategi og marknadsføring i ein langsiktig merkevarestrategi oppnår ein sterkare effekt i marknaden. Merkevareleiing er ein viktig del av det strategiske arbeidet i ei verksemd, og omhandlar heilskapstenkning og konsistens.
KOMMUNIKASJONSRÅDGJEVING
Marknadskommunikasjon er eit verkemiddel i samspelet mellom bedrifta og marknaden der ein gjennom ulike tiltak kommuniserer fakta, idéar, kunnskap og kjensler. All komunikasjonsplanlegging må ta utgangspunkt i eit heilskapsperspektiv. Prosessen startar med situasjonsanalyse og gangen vidare er planlegging, gjennomføring og kontroll.
STRATEGIPROSESS
Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje sett ord på stategien sin og laga skikkelege planar for korleis verksemda skal arbeida strukturert for å oppnå sine langsiktige mål. Ein strategiprosess kan bidra til å styrkja og utvikla bedrifta sine konkurransefortrinn.
