Archives

april, 2014

Kunnskapshuset

Eg er så heldig at eg har fått brukt fleire av bilda mine til å utsmykka fellesområda i Kunnskapshuset. Dette er store bilde som er printa på gjennomsiktig «frosta» folie og montert på 10 mm akrylglas montert med avstandsstykker til veggen bak. Dett gir ein spesiell effekt. Det er Byrået som har printa og montert bilda.

Kunnskapshuset-1130073 Utsmykking Kunnskapshuset Kunnskapshuset-1130077 Kunnskapshuset-1130076 Kunnskapshuset-1130072

Dronetest

Min gode samarbeidpartner Lars Melkevik i Axenta As har investert i ei state-of-the-art drone. Under ser du link til ein video av testflyging utan kamera. Denne drona skal utrustast med kamera som kan filma i 4K. Det vil sei fire gonger høgare oppløysing enn full HD. Og med eit avansert gimbel-oppheng som sørger for stødige bilete. Dette blir bra saker! Lars skal styre drona og eg skal styre kamera. Om ikkje mange dagane er me klare for oppdrag!

Her er link til video: https://vimeo.com/91841654

Goliat – siste reis

Etter mange års teneste på Kværner Stord var det tid for å fjerna Goliat-krana. Les meir →