Archives

Nyheter

Nytt videokamera

No har eg venta lenge på mitt nye videokamera,  Sony PXW-FS7. Eg bestilte kameraet samme dag som det blei lansert, under NAB i april 2014. Siste oppdatering frå Video 4 er levering rundt 10. februar 2015.

Dette er eit fantastisk bra kamera og etterspørselen er mykje større enn kva Sony hadde rekna med. Filmar i 4K i svært god kvalitet. Kameraet er laga for å gi gode bilde også i svakt lys. Kan også filma i slow motion opp til 180 bilder i sekundet. Gler meg!

Dronetest

Min gode samarbeidpartner Lars Melkevik i Axenta As har investert i ei state-of-the-art drone. Under ser du link til ein video av testflyging utan kamera. Denne drona skal utrustast med kamera som kan filma i 4K. Det vil sei fire gonger høgare oppløysing enn full HD. Og med eit avansert gimbel-oppheng som sørger for stødige bilete. Dette blir bra saker! Lars skal styre drona og eg skal styre kamera. Om ikkje mange dagane er me klare for oppdrag!

Her er link til video: https://vimeo.com/91841654

Goliat – siste reis

Etter mange års teneste på Kværner Stord var det tid for å fjerna Goliat-krana. Les meir →

Timelapse for Kværner

Under monteringa av den nye gigantkranen til Kværner på Stord laga eg ein timelapsevideo. Les meir →

Timelapsebox

Nyutvikla kameraløysing dokumenterer monteringa av kjempekran hos Kværner. Les meir →

Johs. Lundal

Alltid kjekt med oppdrag frå familien! Les meir →

Wärsågo

Wärsågo er Wärtsilä Norway sitt internmagasin. Les meir →

Eker-Sandvik

Eker-Sandvik AS driv med industridesign og held til på Stord. Les meir →

Nye nettsider

Velkommen til mine nye nettsider. Det er Lars Melkevik i Axenta som har vore min gode hjelpar her. Takk til Lars! Vonar du likar dei nye nettsidene. Så håpar eg at eg blir flinkare til å halda desse levande med nytt innhald jamnt og trutt.