Archives

Uncategorized

Brosjyre for Level

Level Group lagar styrings- og overvåkingssystem for skip og riggar. Dei er lokalisert i Haugesund og på Karmøy. I samband med deltaking på ei messe i Singapore har eg laga brosjyre, produktark og standmateriell. Eg har fotografert, designa og hatt prosjektleiinga. Ole Jacob Eide har vore tekstforfattar.

Utsmykking Stord Hotell

Siste året har eg levert ei rekkje bilde til utsmykking av rom, gangar og konferanserom på Stord Hotell. Dette har vore ei svært inspirerande og kjekk oppgåve. Vonar dette er til stor glede og nytte også for hotellet og kundane deira.

Kunnskapshuset

Eg er så heldig at eg har fått brukt fleire av bilda mine til å utsmykka fellesområda i Kunnskapshuset. Dette er store bilde som er printa på gjennomsiktig «frosta» folie og montert på 10 mm akrylglas montert med avstandsstykker til veggen bak. Dett gir ein spesiell effekt. Det er Byrået som har printa og montert bilda.

Kunnskapshuset-1130073 Utsmykking Kunnskapshuset Kunnskapshuset-1130077 Kunnskapshuset-1130076 Kunnskapshuset-1130072