Timelapsebox

Timelapsebox

Nyutvikla kameraløysing dokumenterer monteringa av kjempekran hos Kværner.

Saman med min gode kollega Lars Melkevik i Axenta AS, har eg utvikla ei kameraløysing som står ute heile døgnet og som tek bilete etter fastsette intervall. I boksen står det eit kamera. Rundt dette har me utvikla eit styringssystem som gjer at me kan fjernstyra kamera frå kor som helst. No har løysinga stått ute heilt sidan 1. juni i år, og har fotografert monteringa av den nye kjempekrana på Kværner Stord. Når kranen er ferdig montert, skal me konvertera bileta til ein film. Då viser me det som har skjedd i løpet av desse fire månadane på nokre få minutt.

Timelapse-_DSC6648

Denne såkalla timelapseboksen er heilt unik. For best mulig kvalitet nyttar me eit spegelreflekskamera. Då eg fekk oppdraget frå Kværner sjekka eg om det fanst slike løysingar på marknaden. Det einaste me fann var ei løysing frå USA og to frå Australia. Men ingen av desse hadde den funksjonaliteten me trong. Difor vart løysinga å utvikla eit eige system. Lars sin bakgrunn med IT-system har vore avgjerande for å lukkast med denne løysinga.

No har me nett oppgradert boksen hos Kværner Stord til versjon 2 som tilfører meir funksjonalitet samstundes som me har fjerne nokre svake ledd.